Det ljoset
Fall til ro, mi sjel. Det er berre venleiken
som kjem og fargar himmelen, blender deg og fer forbi.
Hald enno i hendene dine ljoset som svinn.
Noko pønskar natta på: ho blindar også det mørke
og har ein eigen himmel til å hetse vatnet.
Rekande fiskar kjem atti mudder av død.
På terrassen brekker vinden stilkane på aloane.
Traducción al noruego de Bente Teigen Gundersen